Helgatun leirstad og kapell

Fra Norges Kirker


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Referanse til bok finnes under "Kategorier".



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

På den privateigde leirstaden Helgatun i Myrkdalen i Voss kommune er det eit rom vigsla til kyrkjeleg bruk. Bygningen vart oppført i 1968.

Bygning

Rommet har vegger med låge vindauge i belte etter langsidene. Endveggen mot vest har faldevegger mot resten av bygningen, endeveggen i aust har gavl mot aust med overlys i gavlfeltet. Slakt saltak kviler på dragarar over sideveggene og dragarar over tverrgåande bjelkar i aust og vest. Aust for den austre av bjelkane er altarrom med opphøgd golv og frådelte siderom. Altarrommet kan skiljast frå ved portierer.

Interiør

Kapellet har overlys over altardelen. Altar i form av eit bord står mot austveggen. Framfor det opphøgde steget står eit mindre bord. Kasseforma preikestol på nordsida framfor steget. Piano på sørsida. Sitjeplassar i form av enkle, stoppa karmstolar. Klokke i mønet på austsida av kapellrommet.